Ein ven er borte. Thor Inge og eg gjekk saman på Samvirkeskulen i Bærum. Då han byrja som kjøpmann for seg sjølv i Drammen i 1977 tok eg over jobben hans som bestyrar på Samvirkelaget på Sætre. Vi trena saman i Hurumskogen for å vera i god form til tur i Jotunheimen. Det vart ein fin og minnerik tur for oss begge. Seinare har vi halde kontakt i både motgang og medgang. Thor Inge var ein raus kamerat, positiv og hjelpsam. Han hadde stor sans for lun humor og gode replikkar. Fred vere med hans minne.